Kort fortalt

Fallet held fram i detaljhandelen

Daglegvaresektoren leidde an.

27.06.2022

(NPK-NTB): Daglegvaresektoren leidde an i eit breitt fall i detaljhandelen, med ein samla nedgang i omsetningsvolumet på 0,9 prosent i mai.

Fallet i mai etterfølgjer eit fall på 1,3 prosent i månaden før, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB).

– Med unntak av butikkhandel med sportsutstyr og fritidsbåtar var det ein forholdsvis brei nedgang for dei ulike næringane. Omsetningsvolumet i daglegvarehandelen gjekk ned 1,2 prosent og var næringa med størst bidrag til den totale nedgangen i detaljhandelen, seier seniorrådgivar Marius Bergh i SSB.

Sal av daglegvarer steig kraftig under koronapandemien, men har minka i takt med at pandemien har trekt seg tilbake og koronarestriksjonar har vorte fjerna. Også omsetningsvolumet for butikkhandel med klede fall markant i mai. Etter to månader med veldig høg omsetning fall volumet med 4,7 prosent.

– No ligg salsvolumet av daglegvarer faktisk i underkant av der det låg før pandemien. Nedgangen må sjåast i samanheng med avvikling av reiserestriksjonar og at nordmenn no i større grad går ut og et på restaurant og kantiner, seier Bergh.

(©NPK)

Publisert: 27.06.2022 16:15

Sist oppdatert: 27.06.2022 16:22

Mer om