Fann feil på båt etter dødsforlis
Forliste under sjøkrepsfiske.
Undersøkinga til havarikommisjonen viser at båten som vart brukt i dødsulykka i Gloppefjorden i 2018, ikkje oppfylte krava til fiskefartøy.
Éin person omkom, medan dei tre andre om bord kom seg i land då ein båt registrert som fiskefartøy forliste i Gloppen kommune i Vestland i oktober 2018.
Kommisjonen har komme fram til at båten ikkje oppfyller krava til fiskefartøy når det gjeld konstruksjon, fribord og stabilitet. Det er òg sannsynleg at tryggleiksnivået som fritidsbåt var redusert som følgje av utstyrsrigginga til fiskefartøy, skriv kommisjonen.
Fire personar la 20. oktober 2018 ut frå Gimmestad i Gloppen kommune for å hente sjøkreps. I uvêret som oppstod tok båten inn vatn og kantra. Alle dei fire hamna i sjøen om lag 100 meter frå land. Berre tre av dei kom seg i land i live.
Kommisjonen tilrår Sjøfartsdirektoratet å intensivere kontrollen av fiskefartøy med lengd mellom seks og åtte meter.
Publisert: 22.11.2021 12:00
Sist oppdatert: 22.11.2021 12:01