Kort fortalt

Fann mindre makrell

Betydeleg lavare makrellfangstar enn i fjor.

04.08.2021

Årets makrelltokt med båtane Eros og Vendla er no avslutta. Hovedinntrykket er betydeleg lavare makrellfangstar under årets tokt samanlikna med fjorårets.

Dette melder toktleder Leif Nøttestad frå Havforskninga, skriv Sildelaget.

Totalt utførte dei to norske fartøya 145 standardiserte 30-min trålhal med om lag 5 knop tauefart i dei øverste vassmassene (0 til 35 meter) etter makrell.

Det vert slått fast at ingen ting tyder på at makrellen har vandra inn og beita i Barentshavet i år. Derimot vart tyngdepunktet av makrellen funne lenger sør i Norskehavet og yngre makrell i Nordsjøen.

Publisert: 04.08.2021 08:14

Sist oppdatert: 04.08.2021 08:20

Mer om