Det er funne spor etter eit såkalla gropehus frå vikingtida i Sykkylven.
– Er vi heldige, så kan vi ved ei C14-prøve slå fast at dette er ein del av eit hus frå vikingtida, eit gropehus brukt som verkstad, til dømes for veving, fortel arkeolog Søren Diinhoff frå Universitetet i Bergen til Sunnmørsposten.
Gropehusa blei gravne eit godt stykke ned i jorda, og var gjerne drygt 10 kvadratmeter store – altså forholdsvis små bygg. Diinhoff trur det huset dei har avdekt i Sykkylven no, er frå sein vikingtid.
– Det er ikkje kvardagskost å finne spor av bygg frå vikingtida. For dei låg gjerne der det i seinare periodar vart sett opp andre bygg. I områet til Universitetet i Bergen, frå Etne til Sjøholt, er det iallfall funne under ti slike. Eg kjem ikkje på funn av andre slike gropehus på Sunnmøre, legg Diinhoff til.
Publisert: 06.10.2021 10:21
Sist oppdatert: 06.10.2021 10:22