Kort fortalt
Fare for streik i møbelindustrien
Brot i lønsforhandlingane.
05.06.2024
NPK-NTB: IE&FLT har brote forhandlingane med Norsk Industri om ein tariffavtale for arbeidarar i møbelindustrien, opplyser forbundet.
– Vi valde å bryte forhandlingane ettersom arbeidsgivarsida ikkje var villig til å møte oss på krav som var innanfor ramma for årets oppgjer, seier IE&FLTs forhandlingsleiar Barbro Auestad.
Dermed går oppgjeret vidare til mekling for Riksmeklaren. Det er ikkje fastsett nokon dato for meklinga.
Om det ikkje blir semje i meklinga, vil det bli streik som ifølgje IE&FLT vil «lamme møbelindustrien». Overeinskomsten omfattar 1.125 IE&FLT-medlemmer i til saman 45 bedrifter.
Den førre storstreiken var i 1949.
Publisert: 05.06.2024 07:22
Sist oppdatert: 05.06.2024 07:22