Kort fortalt

Fastlandsøkonomien krympa

Ferske SSB-tal for juli.

08.09.2022
(NPK-NTB): Bruttonasjonalproduktet (BNP) for Fastlands-Noreg fall 0,3 prosent frå juni til juli, justert for sesong- og kalendereffektar. Samla BNP voks 6,9 prosent.

Nedgangen fortsette i varehandelen. Samtidig voks aktiviteten i fleire næringar, særleg i industrien, melder Statistisk sentralbyrå (SSB) torsdag morgon. Den veksten dempa nedgangen.

– Juli er ein feriemånad og for nokre næringar inneber det lågare aktivitet, medan det er høgsesong for andre. Dermed er det større uvisse rundt den underliggjande veksten enn det er elles i året, seier Pål Sletten i SSB.

Forbruket til hushalda gjekk ned i juli. Det er særleg vareforbruket som fall, men også deler av tenesteforbruket.

Gassprisen steig kraftig frå juni til juli, noko som gjorde at samla BNP voks 6,9 prosent, målt i løpande prisar. På grunn av den høge prisstiginga på naturgass, viser dei førebelse tala eit månadleg handelsoverskot på 143,4 milliardar kroner.

(©NPK)

Publisert: 08.09.2022 09:23

Sist oppdatert: 08.09.2022 09:24

Mer om