SFE Prosjektleiar Tore Feten
MANGE I ARBEID: Tore Feten er prosjektleiar for utbygginga til SFE. På det meste vil over 50 personar ha arbeidsplassen sin i Øksenelvane under utbygginga. Foto: SFE
Kort fortalt

Fekk klarsignal for milliardutbygging

Startar opp ei av dei største kraftutbyggingane i landet.

Marius Rosbach
04.07.2025

SFE har fått endeleg klarsignal frå NVE, og er klare til å starte bygginga av det nye effektkraftverket i Øksenelvane, opplyser selskapet i ei pressemelding.

Nett No omtala tidlegare i veka at selskapet venta på endeleg grønt lys.

Arbeidet byrjar i midten av august, og markerer starten på ei av dei største pågåande kraftutbyggingane i landet. Prosjektet utgjer ei investering på ca 1,2 milliardar kroner – den største nokon gong for kraftselskapet. 

Oksenelvane stasjon montasje foto SFE illustrasjon google
REKORDINVESTERING: Utbygginga av Øksenelvane kraftstasjon i Bremanger er den største enkeltinvesteringa nokon sinne for Sogn og Fjordane Energi. Foto/Illustrasjon: SFE/Google

Dagens kraftstasjon i Øksenelvane er over 70 år. På grunn av omfattande rehabiliteringsbehov vart den optimale løysinga å byggje ein ny kraftstasjon ved siden av den gamle, skriv selskapet i meldinga. 

– På den måten kan vi produsere straum her medan vi byggjer nytt, og med ny og større vasstunnel inni fjellet aukar vi både energimengda og effekten. Eit slikt moderne effektkraftverk er skreddarsydd for å levere kraft når etterspurnaden er størst, og vil bidra til å dempe pristoppane i marknaden, uttaler prosjektleiar Tore Feten i SFE. 

Han fortel at eit kraftverk med avløp rett i sjø slik som ved Øksenelvane, gjer det mogleg å regulere produksjonen raskt opp og ned fordi det ikkje vil vere påverknad på fiskebestand nedstraums

Det nye anlegget vil auke årleg produksjon med 21 GWh og nær firedoble effektkapasiteten – frå dagens 28 MW til 110 MW. Dei største leverandørane i prosjektet er Skanska og Andritz Hydro.

Publisert: 04.07.2025 09:58

Sist oppdatert: 04.07.2025 09:58

Mer om