Kort fortalt

Fekk medhald i millionkrav

Rettstvist etter bustadprosjekt i Sula.

14.11.2019
Selskapet Lunden Invest AS har fått medhald i Sunnmøre tingrett i eit søksmål mot Idéhus Ålesund AS, melder . Ifølgje avisa må det saksøkte firmaet betale seks millionar kroner for tomter som aldri blei selt i eit bustadprosjekt i Sula.
Dagleg leiar Roger Longva Olsen i Idéhus Ålesund opplyser at dommen blir anka og meiner selskapet ikkje er part i saka.
Avtalen blei skriven under av eit anna selskap under stifting. Ein e-post frå Idéhus om at det berre var ein formalitet, står sentralt i saka.
Til saman skulle det utviklast og seljast 13 tomter. Då ingen tomter var selt etter to år, kravde Lunden Invest at Idehus skulle kjøpe tomtene og gjekk til søksmål.

Publisert: 14.11.2019 08:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31