Kort fortalt

Fekk rekordmange kvinnesøkere

Suksess for Mesta-kampanje.

NPK
06.12.2022

(NPK): Mesta brukte eigne tilsette i ein kampanje for å få meir mangfald blant søkjarane – med kjemperesultat: Heile 394 søknader til fire prosjektleiarstillingar. Og nesten halvparten av dei er kvinner.

– Bygg- og anleggsbransjen treng mangfald, og vi må bryte ned den klassiske førestillinga om at du må ha forkjærleik for store maskiner eller tung teknisk bakgrunn, seier direktør for folk og berekraft i Mesta, Tonje Gudbrandsen Jensen. Ho har genuin tru på grepet med å bruke eigne tilsette.

Prosjektleiar Magnild Ek Brynildsen vart ein av Mestas tilsette som vart brukt aktivt som ansikt utetter i kampanjen. Med strålande effekt. Tidlegare utlysingar av stillingar har ofte gitt liten respons. Kampanjen som har gått i haust der Mestas eigne tilsette vart brukt, gav 394 søkjarar på fire prosjektleiarstillingar. Dette er ein auke på over 1700 prosent frå tidlegare søknadstal.

43 prosent av søknadene kom frå kvinner, noko som er særs gode tal for ein svært mannsdominert bygg- og anleggsbransje.

(©NPK)

Publisert: 06.12.2022 23:07

Sist oppdatert: 06.12.2022 23:08

Mer om