Kort fortalt

Fekk St. Petersfisk

Sjeldan fiskefangst i Gjerdsvika.

20.11.2019
Ein hobbyfiskar fekk onsdag ein rundt 50 centimeter lang St. Petersfisk i Gjerdsvika.
Fisken vert rekna som svært sjelden i norske farvatn, men ifølgje Wikipedia har fisken vorte meir vanleg å sjå opp til Trøndelag i samband med høgare sjøtemperaturar.
Normalt held fisken til i Middelehavet eller utanfor kysten av Nord-Afrika.
Fisken kan verte opp til 90 centimeter lang og åtte kilo tung.
Han er lett å kjenne att ettersom han har to svarte runde flekkar på kvar side.
St. Petersfisken er rekna som ei delikatesse og vert kalla «havets kylling».
Fisken vart tatt på pilk i Gjerdsvika.

Publisert: 20.11.2019 13:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31