Kort fortalt

Felleskjøpet permitterer 18

Molde og Ålesund-avdelingane blir råka.

14.11.2023

(NPK-NTB): Felleskjøpet permitterer 18 tilsette og innfører tilsetjingsstopp. Samtidig tyr selskapet til ei rekke andre tiltak for å sikre lønnsemda.

15 avdelingar over heile landet blir påverka av permitteringane i Felleskjøpet.

– Vi er inne i tøffare tider, og vi fryktar det vil vare lenge. Vi har over ein periode teke ned investeringane og lagernivåa. No justerer vi på bemanninga for å betre lønnsemda, seier konsernsjef Svenn Ivar Fure i ei pressemelding.

  • Desse avdelingane blir råka: Molde, Ålesund, Sarpsborg, Fornebu, Hamar, Fagernes, Dokka, Gausdal, Elnesvågen, Trondheim, Levanger, Klett, Steinkjer, Namsos og Tromsø.

Måndag fekk 18 tilsette i detaljhandelsdivisjonen i Felleskjøpet permisjonsvarsel. Frå før av er 20 ledige stillingar ikkje erstatta som følgje av tilsetjingsstopp i divisjonen sidan i sommar.

No blir det tilsetjingsstopp i resten av selskapet òg.

Felleskjøpet opplever svekking av lønnsemda på grunn av generelt stor kostnadsauke, høgare rente og svak kronekurs. I tillegg førte ekstremvêret i år med tørke og flaum til ein dårleg kornhaust.

– Likviditeten til bonden er pressa etter ein svært krevjande sesong. Det merkar vi òg, seier Fure.

(©NPK)

Publisert: 14.11.2023 17:13

Sist oppdatert: 14.11.2023 17:13

Mer om