Kort fortalt

Nytt avslag til NETT NO

Fem nye aviser får pressestøtte.

11.11.2021

Fem av åtte nye aviser som har søkt om pressestøtte i år, får tilskot frå Medietilsynet. Ei av dei som får avslag, har for stort overskot.

Den lokale nettavisa Bodø.no får på nytt avslag om søknaden for pressestøtte etter ho òg fekk avslag i fjor, skriv Medietilsynet torsdag. Grunngivinga er at avisa har eit overskot på meir enn 6 millionar kroner totalt dei siste tre åra.

– Det er grensa på kva ei avis kan ha i overskot for å få støtte, skriv Medietilsynet.

Heller ikkje Nett.no eller Vefsn.no oppfylte krava for å få støtte.

Avisene Varden i Skien, Karmøynytt, Stord24, Nidaros og Subjekt er derimot alle komne inn som nye mottakarar av det som formelt heiter produksjonstilskot.

Totalt skal 370 millionar kroner bli fordelt mellom avisene som har vorte godkjende som mottakarar. I fjor delte 152 aviser på støtta som skal bidra til eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet.

I fjor var det avisa Klassekampen som fekk mest støtte, følgd av Bergensavisen, Vårt Land, og Dagsavisen.

Publisert: 11.11.2021 12:22

Sist oppdatert: 11.11.2021 14:39