Fem tiltak for meir openheit om aksjar
Næringsministeren lanserte plan fredag.
(NPK-NTB): Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) vil gjere det enklare å finne informasjon om kven som eig aksjar i norske selskap. Fredag lanserte han fem tiltak.
– Openheit om kven som eig aksjar, er med på å klargjere maktstrukturar i samfunnet og halde oppe tilliten i samfunnet vårt. Eg ønskjer større openheit om aksjeeigarskap, samtidig som vi skal vareta viktige omsyn til kapitaltilgang, personvern og tryggleik, seier næringsministeren.
Vestre ønskjer mellom anna å gi enklare tilgang til aksjeeigarregisteret, sørgje for betre konsernoversikt og gi raskare innsikt og informasjon om kven som faktisk eig dei forvaltarregistrerte aksjane.
I tillegg set næringsministeren ned ei arbeidsgruppe som skal jobbe med eit høyringsnotat om moglege løysingar for større openheit om aksjeeigarar.
– Arbeidet med ei mogleg løysing for å skape større openheit er komplekst, og eg er oppteken av å få innspel og tilrådingar frå fleire aktørar. Eg har sett ned ei arbeidsgruppe som skal gi tilrådingar om kva utfordringar vi må ta omsyn til, kva moglegheiter som finst og korleis rammene bør vere, seier Vestre.
Gruppa skal komme med sine råd i juni 2024, og Vestre tek sikte på å sende eit høyringsnotat på offentleg høyring i løpet av året.
Her dei fem tiltaka:
- Sørgje for betre konsernrapportering
- Få på plass ei forskrift om betre tilgang til aksjeeigarboka og aksjeeigarregisteret
- Innføre forskrift om innsyn i forvaltarregistrerte aksjar
- Setje ned ei arbeidsgruppe
- Lage eit register over reelle rettshavarar
(©NPK)
Publisert: 19.01.2024 10:29
Sist oppdatert: 19.01.2024 10:29