Kort fortalt

Ferdig med inspeksjon av rørleidning

Havila Subsea har sjekka Europipe 2.

12.10.2022

Ifølgje Marine Traffic avslutta Havila-skipet Havila Subsea onsdag morgon inspeksjonen av Europipe 2, gassrørleidninga som går mellom Kårstø i Rogaland til Dornum i Tyskland. Det er ikkje klart om det er gjort funn.

Havila-skipet starta på inspeksjonen sist onsdag, og ved hjelp av droner har rørleidninga vorte sjekka etter at Equinor bad om det. Inspeksjonen skjer på vegne av operatøren Gassco som ein lekk i å auke tryggleiken etter at Nord Stream-rørleidningane i Austersjøen vart utsette for sabotasje.

Slik det kan sjå ut av data frå Marine Traffic avslutta Havila Subsea arbeidet utanfor vestkysten av Danmark, mellom Hvide Sande og Esbjerg, i området der Europipe 2 har ei forgreining mot Polen.

Europipe 2 stod ferdig i 1999, og diameteren på gassrørleidninga er 1100 millimeter. Kapasiteten er 24 milliardar kubikkmeter gass årleg.

Publisert: 12.10.2022 09:04

Sist oppdatert: 12.10.2022 09:07

Mer om