Christina E er den første av Herøy-båtane som har gjort seg ferdig med kvotane for dei fire viktige fiskeslaga i 2025, skriv Vestlandsnytt.
Det skjedde etter at mannskapet mellom anna håva inn 817 tonn makrell i eitt kast førre fredag. Med høg makrellpris anslår avisa at fangsten hadde ein verdi på nær 42 millionar kroner.
– Det er prisane som er heilt eventyrlege. Snittprisen har vore høg heile vegen, og det er ei glede for både reiarlaget og mannskapet, seier reiar Rita Sævik til avisa.
No står det berre att 550 tonn med brisling for båten dette fiskeriåret.
Publisert: 24.10.2025 10:23
Sist oppdatert: 24.10.2025 10:23






