Kort fortalt

Ferieordninga kan bli endra

Forslag ut på høyring.

05.08.2024

(NPK-NTB): Styresmaktene vurderer å endre ferielova slik at alle får rett til betalt ferie allereie frå første arbeidsår.

I dag gir ferielova alle rett til fire vekers ferie. I tillegg opparbeider alle arbeidstakarar feriepengar som erstattar lønna når dei har ferie. Ulempa er at nytilsette må arbeide eit heilt år før dei har opparbeidd seg feriepengar fullt ut året etter. Det kan vere i strid med EU-reglar, skriv FriFagbevegelse.

Arbeidsminister Tonje Brenna (Ap) vil vurdere å endre ferielova slik at alle får fire vekers betalte ferie frå første år i arbeidslivet.

Esa har stilt spørsmål til norske styresmakter om ordninga i ferielova er i tråd med EUs arbeidstidsdirektiv som pålegg medlemsstatane å sikre alle arbeidstakarar minst fire vekers årleg betalt ferie.

Eit utval leidd av samfunnsøkonom og tidlegare ekspedisjonssjef i Finansdepartementet Knut Moum, har greidd ut systemet til ferielova for opptening av feriepengar. No ber Arbeids- og inkluderingsdepartementet om synet til høyringsinstansane på rapporten og dei ulike modellane for meir samtidig opptening av feriepengar. Høyringsfristen er sett til 21. oktober.

(©NPK)

Publisert: 05.08.2024 08:35

Sist oppdatert: 05.08.2024 08:35

Mer om