Kort fortalt

Feriepengar frå første dag

Ny ordning for dagpengemottakarar.

28.04.2021

Dagpengemottakarar får feriepengar for 2021 sjølv når dei har vore arbeidsledige i færre enn åtte veker. Ordninga kostar 2,1 milliardar kroner.

Ordninga gjeld for 2021, og prosentsatsen for feriepengar blir 10,2 prosent, skriv FriFagbevegelse.

Frp stod bak forslaget og fekk fleirtal då regjeringspartia forlét sitt eige forslag om å bruke 1,7 milliardar kroner.

Ap foreslo på si side å bruke 2,45 milliardar kroner. Forslaget vart støtta av SV og Senterpartiet, men forslaget fall.

Stortinget vedtok einstemmig at det skal bereknast feriepengar for dagpengar motteke i heile 2020 og 2021, og dessutan at det ikkje blir eit makstak på feriepengar.

Publisert: 28.04.2021 07:13

Sist oppdatert: 28.04.2021 07:15

Mer om