Kort fortalt

Ferje sleit seg og traff butikk

Ingen personar kom til skade.

22.11.2023

I Ålesund ramma uvêret onsdag morgon ferja MS Hjørundfjord som låg til kai. Ho sleit seg og vart feia rett inn i Kiwi-butikken som ligg ved Skutvika. Butikken fekk eit hol i veggen.

– Ingen er skadde, utover veggen på Kiwi-bygget, seier operasjonsleiar Tor Andre Gram Franck til Sunnmørsposten.

Politiet fekk melding om hendinga i 5-tida og ein taubåt vart kalla ut. Det er kraftig vind.

Trass uveret er det ikkje dei største problema på vegane i Midt-Noreg.

– Det er stort sett berre nokre ferjesamband som er innstilte. Det kan fort endre seg utover dagen når det skal komme litt meir nedbør, seier Erlend Karlsen i Vegtrafikksentralen Midt til NTB.

Publisert: 22.11.2023 09:23

Sist oppdatert: 22.11.2023 09:23

Mer om