Kort fortalt

Ferjekaptein tapte søksmål mot Fjord1

Gjekk til sak for å få tilbake jobben.

12.05.2021

Møre og Romsdal tingrett ga ikkje medhald til Erlend Lindseth i kampen for å få tilbake jobbe som ferjekaptein i Fjord1, melder Sunnmørsposten.

Lindseth tapte saka fullstendig og må betale over 180.000 kroner i sakskostnader til Fjord1. Han fortel til avisa at han ikkje er samd i dommen, og at det blir jobba med ein anke.

Ferjekapteinen blei oppsagt, etter at Lindseth ved sidan av Fjord1-jobben, la inn anbod på drift av eit mindre ferjesamband i Nordland, gjennom eit selskap han seinare selde seg ut av.

Fjord1 meiner Lindseth har brote arbeidsreglementet og dei etiske retningslinjene for tilsette, og det sa tingretten seg samd i, ifølgje avisa.

Publisert: 12.05.2021 14:01

Sist oppdatert: 12.05.2021 14:03

Mer om