Kort fortalt

FHI: Smitten går ned

R-talet anslått til 0,7.

28.04.2021

Smitteutviklinga er framleis på veg ned, men det er betydeleg forskjell mellom fylka, ifølgje FHI. Reproduksjonstalet blir estimert til 0,7 førre veke.

Anslaget er gjort på utrekningar som ikkje tek omsyn til sjukehusinnleggingar, ifølgje vekerapporten frå Folkehelseinstituttet (FHI).

Modelleringar viser elles at trenden har eit gjennomsnittleg reproduksjonstal frå 25. mars på 0,81.

Førre veke vart det meldt om 3.200 smitta her i landet. Det var ein nedgang på 14 prosent frå veka før og ned 51 prosent frå toppunktet i midten av mars.

Publisert: 28.04.2021 13:55

Sist oppdatert: 28.04.2021 13:56

Mer om