Kort fortalt
Fiksdal blir varaordførar
Frp får to utvalsleiarar.
Marius Rosbach
21.09.2023
Frps Anne Marie Fiksdal frå Vestnes blir varaordførar i fylkestinget i Møre og Romsdal.
Det opplyser fylkeslaget i ei pressemelding etter eit konstituerande møte i fylkestingsgruppa til Fremskrittspartiet.
Gruppa består av ti representantar som skal bli leia av Frank Sve frå Stranda. Tre av desse får også plass i fylkesutvalet.
Geir Stenseth frå Ålesund blir leiar av kompetanse og næringsutvalet, medan Hans Olav Myklebust frå Ørsta blir leiar av samferdsleutvalet.
Publisert: 21.09.2023 09:41
Sist oppdatert: 21.09.2023 09:41