Kort fortalt

Finn spor etter oljeutslepp langt nord

Forskarar har funne spor etter utslepp frå oljenæringa heilt nord til Barentshavet.

NPK
06.01.2023

Det melder havforskingsinstituttet.

Forskarar har sett på korleis utslepp frå oljenæringa har endra konsentrasjonen av grunnstoffet barium i havbotn. Barium finst naturleg i havbotn, men det finst i mykje høgare konsentrasjon i produsert vatn. Produsert vatn er eit biprodukt ved olje- og gassproduksjon som vert sleppt ut i havet i store volum. Det inneheld ei rekkje miljøskadelege stoff, inkludert barium.

Forskarane har undersøkt sedimentlaga 243 plassar i Norskehavet og Barentshavet. Dei fann at på 73 av desse plassane har nivået av barium auka etter oljenæringa starta opp i Nordsjøen. Det inkluderer viktige fiskeriområde som Lofoten og det vestlege Barentshavet. Forskar ved Havforskingsinstituttet Hilde Elise Heldal understrekar at det ikkje er ein trussel mot kvaliteten på norsk fisk og sjømat, men at det er viktig kunnskap for norsk forvalting.

Publisert: 06.01.2023 17:04

Sist oppdatert: 06.01.2023 17:06

Mer om