Kort fortalt

Finnes drev «svært avansert» handel

Ekspert om verdipapirhandelen til Erna Solbergs ektemann.

15.09.2023

(NPK-NTB-Håkon Vatnar Olsen): Sindre Finnes har drive med svært avansert handel av verdipapir og må ha følgt med på marknaden svært nøye, seier investeringsdirektør Robert Næss i Nordea.

– Her er ein som må ha følgt med på marknaden meir enn mange profesjonelle investorar, seier Næss til NTB.

Fredag offentleggjorde Høgre lista over aksjehandelen til Solbergs ektemann. Den viser at Sindre Finnes gjorde 3640 handlar i aksjar og andre verdipapir i perioden kona var statsminister.

– Det er veldig mykje, seier Næss.

Brutto handla han for 118 millionar kroner i perioden, har Næss rekna seg fram til. Måndag 15. mars 2021 gjennomførte han heile 62 handlar.

– Når du handlar over 60 gonger på ein dag, er du oppteken av kicket av kjøp og sal. Men på ei anna side – viss du tener pengar på det, så er du flink, seier han.

Det er ikkje berre talet på handlar som er oppsiktsvekkjande. Finnes har brukt svært avansert og dyre finansielle instrument som blir brukte for å tene pengar kortsiktig. Han har over 1000 slike handlar, ifølgje investeringsdirektøren.

– Dette er trading kor mange kan tape alle pengane sine. Det krev at du følgjer utruleg nøye med på marknaden. Det er veldig vanskeleg å time dette, seier Næss.

Det er snakk om såkalla bull and bear-handel, der ein kan spekulere kortsiktig i både oppgang og nedgang i marknadene.

– 11. juni 2020 handla han 22 stykke. Tidleg på dagen trudde han dagen skulle ned, og seinare trudde han det skulle opp.

– Dedikerte tradere vil gjere noko sånt. Det er mykje kostnader i desse instrumenta, og det held ikkje å vere passe flink.

Ifølgje Solberg har Finnes hatt omtrent 1,8 millionar kroner i nettogevinst på børsnoterte aksjar i perioden Solberg var statsminister.

– Det er bra, for det kostar mykje å handle, seier Næss.

(©NPK)

Publisert: 15.09.2023 14:08

Sist oppdatert: 15.09.2023 15:22

Mer om