Finnes: – Eg har ikkje vore ærleg
Erna Solbergs ektemann om aksjehandelen.
(NPK-NTB): Erna Solbergs ektemann, Sindre Finnes, erkjenner at han ikkje har vore ærleg om aksjekjøpa sine.
– Eg er svært lei meg for at eg har sett Erna i denne situasjonen. Eg har ikkje vore ærleg, verken overfor henne eller Statsministerens kontor. Det beklagar eg djupt, seier Finnes til E24.
Bakgrunnen er Finnes' aksjehandel der han gjorde 3600 handlar i perioden medan kona sat som statsminister. Høgre-leiaren offentleggjorde fredag informasjon om aksjehandlar ektemannen gjorde i denne perioden.
– Eg har gjort alvorlege feil som har gjort det umogleg for Erna å vurdere habiliteten sin då ho var statsminister. Etter at ho gjekk av som statsminister har eg også gitt både henne og pressa feilaktig informasjon om aksjehandlane mine, opplyser Finnes.
Han seier han er innforstått med at konsekvensane blir at han ikkje kan handle med aksjar, men må plassere sparepengane sine i fond eller på sparekonto dersom Solberg blir statsminister igjen i 2025.
Høgre-leiaren heldt fredag ein pressekonferanse der ho sa at omfanget av aksjehandelen til ektemannen gjorde henne inhabil i fleire saker som statsminister. Ho var likevel tydeleg på at han aldri hadde innsideinformasjon.
– Tillitsbrot er alltid vanskeleg, og ekstra vanskeleg er det i ein familie og i eit ekteskap. Det gjer vond for meg å vere så hard mot Sindre som det eg er i dag. Men fordi vi er gift og har felles økonomi, så har handlingane han har gjort, direkte påverking på korleis eg kan utøve oppgåvene mine som politikar, sa ein tydeleg prega Solberg pressekonferansen.
Publisert: 15.09.2023 14:01
Sist oppdatert: 15.09.2023 14:01