Kort fortalt

Fire av ti jobbar framleis heimanfrå

Mange har fysiske plager.

25.03.2021

Fire av ti nordmenn sit framleis på heimekontor, medan tre av ti opplyser at dei slit fysisk etter lang tid med å jobbe heimanfrå.

Det viser den nyaste spørjeundersøkinga frå Opinions koronamonitor.

I mars oppgir 40 prosent av dei spurde at dei hovudsakleg har heimekontor. Dette er omtrent som gjennomsnittet for pandemien, men lågare enn i mars og april i fjor då nærare seks av ti hadde heimekontor.

I den same undersøkinga svarer 34 prosent at dei har fått smerter i nakke, rygg eller liknande plager på grunn meir heimekontor og/eller eit meir stillesitjande tilvære under pandemien.

Dette er 11 prosentpoeng meir enn i mars i fjor.

I undersøkinga svarer òg 69 prosent at dei under pandemien har delteke på digitale møte. 36 prosent av desse opplever slike møte som meir effektive enn fysiske møte, medan like mange meiner det motsette.

Publisert: 25.03.2021 07:57

Sist oppdatert: 25.03.2021 07:58