Kort fortalt

Mange kommunar ramma av datakrim

Løysepengevirus og pishing er mest vanleg.

16.08.2021

37 prosent av kommunane har vore utsette for datakriminalitet i perioden 2020–2021. Phishing er mest utbreidd, følgt av datainnbrot, ifølgje fersk undersøking.

Flest kommunar har vore ramma av phishing – altså fisking etter sensitiv informasjon. Men også datainnbrot eller forsøk på slike er utbreidde, viser svara i kommunedirektørundersøkinga til Kommunal Rapport.

Blant dei ramma kommunane har nesten to av ti opplevde fleire former for datakriminalitet.

Administrerande direktør i Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS), Lars-Henrik Gundersen er ikkje overraska over at løysepengevirus og phishing er kva kommunane oppgir at dei er mest utsette for.

– Det er det som det er mest av. Det er veldig lett å sende ut phishing-e-post. Veldig ofte leiar det til eit løysepengevirus. Det startar med phishingforsøk, og så er ein i gang, seier Gundersen.

Han seier at dataangrep kan skje kven som helst, og at angrepa veldig sjeldan er målretta.

Åtte av ti kommunedirektørar svarer bekreftande på om dei har gjort tiltak for å betre datatryggleiken det siste året. Blant tiltaka som blir nemnd hyppigast, er innføring av tofaktorautentisering, nye backup-løysingar og opplæring av tilsette.

Publisert: 16.08.2021 16:05

Sist oppdatert: 16.08.2021 16:07