Kort fortalt

Fire år arbeid for Normand Subsea

Viktig avtale for Solstad Offshore.

27.02.2019
Solstad Offshore opplyser onsdag at Subsea 7 har forlenga avtalen emd fire år for subseaskipet Normand Subsea.
Kontraktsperioden går no ut 31.12 i 2023, med opsjon på ytterlegare to år.
Båten vil halde fram i arbeidet som Subsea 7 har med BP UK.
- Dette er eit nytt døme på at susbea vedlikehaldsmarknadet gradvis tar seg opp att, seier Solstad-direktør Lars Peder Solstad, dagen før framlegging av resultata for fjerde kvartal i fjor.

Publisert: 27.02.2019 15:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35