Kort fortalt

Fiska nær tusen kveiter på rømmen

Kom frå oppdrettsanlegg i Hustadvika.

15.07.2022
(NPK): Fiskeridirektoratet varslar at dei har fått melding om rømd oppdrettskveite frå Nordic Halibut i Møre og Romsdal.

Nordic Halibut AS, ein kveiteoppdrettar med aktivitet i Midsund, Askøy, Averøy og Eide, melde måndag 4. juli om rømming på lokaliteten Ørjavik i Hustadvika kommune i Møre og Romsdal, då dei oppdaga skadar på ei av nøtene i anlegget, skriv Fiskeribladet.

Selskapet har oppgitt at det var 14.000 kveiter i nóta. Fram til no er det gjenfanga 946 kveiter. Kor mange som har rømt blir avklart i august i samband med utslakting av fisken som står igjen i nóta. Fisken i nóta er oppgitt å ha ei snittvekt på seks kilo men mykje av den gjenfanga fisken er tre til fire kilo.

Fiskeridirektoratet følgjer opp saka.

(©NPK)

Publisert: 15.07.2022 16:00

Sist oppdatert: 15.07.2022 16:02

Mer om