Kort fortalt

Fiskar sakna frå Ålesund-båt

Fall over bord i Barentshavet.

16.11.2022

(NPK-NTB): Leiteaksjonen etter ein norsk fiskar som tysdag kveld fall over bord frå ein norsk fiskebåt utanfor Bjørnøya, held fram onsdag med full styrke.

Hovudredningssentralen Nord-Noreg opplyser at det er eit besetningsmedlem frå frysetrålaren Langenes, som har heimehamn i Ålesund, som det blir leita etter. Dei vart varsla om saka klokka 19.53 tysdag.

Leiteaksjonen har gått føre seg med full styrke gjennom natta, men ved 8.30-tida onsdag morgon var det framleis ikkje gjort funn, skriv Sunnmørsposten.

– Helikoptera som var i aksjon i natt, har returnert til basane sine på Svalbard og på Banak i Lakselv. Desse har lang flytid, og det blir fortløpande vurdert om dei skal setjast inn igjen i redningsaksjonen, seier redningsleiar Øyvind Aadde.

Søket fortset onsdag morgon med full styrke i krevjande forhold.

– Det er vestleg kuling og det vi kallar rotete sjø i området. Det er no tolv fiskefartøy som deltek i søket, opplyste Hovudredningssentralen til avisa ved 7-tida.

(©NPK)

Publisert: 16.11.2022 10:11

Sist oppdatert: 16.11.2022 10:12

Mer om