Kort fortalt

Fiskefangst ikkje råka av sanksjonane

Har levert for 250 millionar under krigen.

Marius Rosbach
24.03.2022

(NPK): Dei norske sanksjonane mot Russland etter angrepet på Ukraina omfattar ikkje fiskerisamarbeidet. Sidan krigen starta, har russiske båtar levert fangstar for meir enn 250 millionar kroner til mottak i Noreg, ifølgje NRK.

Det er ingen andre utanlandske fartøy som fiskar i den norske økonomiske sona, som tek opp like mykje fisk som Russland, skriv NRK.

I 2021 leverte russiske fiskarar 105 millionar kilo torsk til ein verdi av over 1,2 milliardar kroner ved norske mottak, ifølgje Norges råfisklag.

Førebels har det ikkje vore aktuelt for Noreg å stenge norske hamner for dei russiske fiskebåtane. Det skjer mellom anna i Storbritannia, og det er venta at stenging kjem til å bli diskutert på toppmøtet i EU denne veka.

– Viss EU då vedtek å stenge hamnene, og kanskje etter kvart til og med stanse import av russisk olje og gass, trass i dei store konsekvensane det vil ha for mange europeiske land, vil det ikkje sjå spesielt bra ut om Noreg ikkje følgjer etter, seier professor Marianne Riddervold ved Høgskolen Innlandet og NUPI til kanalen.

(©NPK)

Publisert: 24.03.2022 09:52

Sist oppdatert: 24.03.2022 09:55

Mer om