Kort fortalt

Fisken likar ikkje bråk

Torsken høyrer spesielt godt.

28.01.2022

Det har vorte mykje meir støy under havoverflata på grunn av auka skipsfart og andre aktivitetar på sjøen. Dette påverkar både fisk og sjøpattedyr, ifølgje forsking.

– Enkelte stader er det påvist at når støybildet stig, kan det ha ein langtidseffekt på fisk og sjøpattedyr. Heilt korleis, veit ein ikkje, men det er snakk om at det kan føre til endra vandringsmønster for fiskearter, seier Jens Martin Hovem, professor i akustikk frå NTNU, til Fiskeribladet.

Han fortel at lyd ber ekstremt langt under vatn, og forsøk har vist at lydbølgjer sende frå ei øy utanfor Australia, vart registrerte på aust- og vestkysten av Amerika, 10.000 kilometer borte.

Hovem har særleg studert fisk av kommersiell interesse, som torsk, hyse og makrell, og fortel at torsken høyrer spesielt godt.

Seismikk lagar veldig kraftig lyd og har vore omdiskutert. På nært hald kan slike lyd drepe fisk, difor er det sett inn tiltak som varsling og samarbeid med fiskerinæringa.

Utbygging av havvind kan også føre til meir støy på havet.

– Under utbygginga når dei skal sprengje ut og lage fundament for vindturbinar, vil dette skape støy i havet, det er sikkert. Lyden frå turbinane i seg sjølv vil i liten grad skape støy i havet, seier Hovem til avisa. Han forklarar dette med at lite lyd frå lufta trenger gjennom havoverflata og forplantar seg til havet.

Publisert: 28.01.2022 10:12

Sist oppdatert: 28.01.2022 10:13

Mer om