Kort fortalt

Fiskeriministeren på klippfiskturné

Profileringstur til Sør-Amerika.

13.10.2016
(NPK): Neste veke skal fiskeriminister Per Sandberg (Frp) til Brasil og Chile for å profilere norsk klippfisk.
Sandberg skal mellom anna vise fram klippfisk frå Noreg i ein supermarknad i den brasilianske storbyen São Paulo, der òg Sjømatsrådets klippfiskseminar står på programmet.
I Chile skal fiskeriministeren besøkje havbruksmessa Aqua Sur i Puerto Montt, der mange av dei nesten 60 norske havbruks- og fiskeselskapa som har etablert seg i landet, skal delta. Sandberg skal òg møte den chilenske viseministeren for fiskeri- og oppdrett, Raul Súnico Galdámes. (©NPK)

Publisert: 13.10.2016 14:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44