Kort fortalt

Fiskeslam skal bli nyttig ressurs

Vil samle opp slam frå oppdrettsanlegg.

26.10.2016
(NPK): Selskapa Bolaks og Lift Up søkjer om seks utviklingsløyve for å kunne gjere seg nytte av fiskeslam frå oppdrettsanlegg.
Dei to selskapa samarbeider om ein ny teknologi for å samle opp fiskeslam, skriv dei i ei pressemelding omtalt i Fiskeribladet Fiskaren.
Prosjektet har fått namnet GRAS (Grønn resirkulering av akvakultur slam). Måle er å samle opp slam i stor skala. Løysinga består av traktforma oppsamlarar som skal installerast direkte under merden, og som blir halden oppe av flyteelement på utsida av merden.
– Med denne teknologien har vi god tru på at vi skal kunne auke produksjonen vår av matfisk utan å leggje beslag på nye areal, seier dagleg leiar Bjørg Holmefjord Antonsen i Bolaks i pressemeldinga.
Samtidig skal dei redusere belastninga på områda under lokalitetane.
Lift UP er utstyrsleverandør til havbruksnæringa og ifølgje meldinga er dei marknadsleiande innan system for dødfiskhandtering. Sidan 2012 har selskapet prøvd ut ulike metodar for oppsamling av slam frå oppdrettsmerdar i sjø. Dei har blant anna gjort forsøk med fiskeslam som plantegjødsel med lovande resultat.
– Vi ser på fiskeslam som ein ressurs med stort uutnytta potensial, både som biogasskjelde og som komponent i plantegjødsel, seier dagleg leiar Liam Heffernan i Lift Up i meldinga. (©NPK)

Publisert: 26.10.2016 14:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43