Kort fortalt

Fjerna nettside med skryt om gratis ferje

Arbeidarpartiet har provosert sin tidlegare regjeringspartnar.

17.10.2025

(NPK-NTB): Arbeidarpartiets nettomtale av at dei har innført gratis ferjer før valet, har vorte fjerna, skriv VG.

Regjeringa foreslår i statsbudsjettet å fjerne ordninga med gratis ferje og i staden ha ei rabattordning. Grepet har blant fleire vekt harme hos tidlegare regjeringspartnar Senterpartiet, som seier dei ikkje vil forhandle om det noverande budsjettforslaget.

Om ein fredag søkjer på «Arbeidarpartiet fergepriser» på Google, får ein kopling til ei side frå partiet der det står «Arbeidarpartiet har halvert billettprisane på ferje og har gjort ferjene til samfunn utan vegsamband til fastlandet gratis». Men når ein klikkar på koplinga, kjem ein beskjed om at sida ikkje lenger finst, skriv avisa.

VG har brukt nettarkivverktøyet waybackmachine og funne ut at sida vart endra ein gong mellom 12. september, fire dagar etter valet, og fredag.

Aps kommunikasjonssjef Emma Giskås stadfestar overfor VG at sida er sletta.

– Nettsida som informerer om Arbeidarpartiets politikk, skal vere oppdatert i tråd med partiprogram, resultat, forslag frå regjeringa og arbeidet på Stortinget. Derfor er statsbudsjettframlegginga eit naturleg høve til å oppdatere nettsidene, som vi no er i gang med, seier ho.

(©NPK)

Publisert: 17.10.2025 14:28

Sist oppdatert: 17.10.2025 14:28

Mer om