Kort fortalt

Fjord1 døyper to av el-ferjene sine

Dobbeltdåp på Magerholm tysdag.

18.11.2019
NPK: Tysdag skal ferjene «Rovdehorn» og «Skopphorn» døypast på Magerholm ferjekai.
Dei to nye fartøya til Fjord1 er plug-in hybridferjer som kan lade frå land. Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland, er nøgd med resultatet, skriv Sunnmørsposten.
– Vi er stolte over dette prosjektet som resulterer i at vi leverer moderne fartøy i god tid før kravet til oppdragsgjevar. Saman med dyktige samarbeidspartnarar er det gjort eit glimrande arbeid, seier han.
Selskapet har drifta sambandet mellom Sykkylven og Magerholm sida oppstarten i 1931. Frå 2020 utgjer sambandet ein del av «Sulapakken» der sambandet mellom Hareid og Sulesund inngår. Ferjene vert døypte tysdag på Magerholm ferjekai klokka 15.00.

Publisert: 18.11.2019 15:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31