Kort fortalt

Fjord1 signerte milliardkontrakt

10-årkonstrakt signert digitalt.

Marius Rosbach
08.03.2021

Fjord1 og Statens vegvesen signerte måndag kontrakten for to nye ferjesamband i Nordland, ifølgje ei pressemelding.

Det var i februar reiarlaget sikra seg kontrakten til ein verdi av 1,3 milliardar, og måndag blei avtalen signert digitalt. Kontrakten gjeld i ti år frå slutten av 2022.

Avtalen gjeld ferjene på E6 mellom Bognes og Skarberget og på riksveg 827 Drag-Kjøpsvik. Vegvesenet har kravd elferjer, men ikkje nybygg på dei to strekningane. Det gjer at reiarlaget kan bygge om og nytte eldre ferjer.

Publisert: 08.03.2021 21:43

Sist oppdatert: 08.03.2021 21:46

Mer om