Kort fortalt

Fjord1 trekkjer søksmål

Ikkje rettssak med dotterselskap

NPK
10.08.2021

(NPK): Fjord1 trekkjer søksmålet mot dotterselskapet The Fjords, og den tillyste rettssaka blir ikkje noko av.

Opphavleg var det sett av tre dagar i Sogn og Fjordane tingrett, i eit søksmål der Fjord1 ønskte å få løyst opp dotterselskapet The Fjords, skriv Sunnmørsposten.

Dagfinn Netland, administrerande direktør i Fjord1, skal tidlegare i sommar ha sagt til Sunnmørsposten at det har vore usemje om den framtidige strategien i The Fjords. Det er også dette som skal vere årsaka til søksmålet.

Utover dette skal partane ha vore einige om å ikkje forhandsprosedere saka i media.

Men no bekreftar Netland overfor Sunnmørsposten at dei har trekt søksmålet og er i god dialog med motparten.

Fjord1 eig The Fjords saman med selskapet Norway's Best AS. Dei eig 50 prosent av aksjane kvar.

(©NPK)

Publisert: 10.08.2021 14:41

Sist oppdatert: 10.08.2021 14:44

Mer om