Eig 100 prosent av Fjord1
Havila-oppkjøpet er fullført og reiarlaget teke av børs. Samtidig blir eit nytt Sævik-selskap notert.
Onsdag var siste børsdag for Fjord1, etter at Havila sin plan om å kjøpe opp og ta selskapet av Oslo børs, er fullført.
I ei børsmelding onsdag ettermiddag melde Fjord1 at Sævik-familien sitt selskap Havila Holding no eig 100 prosent av aksjane i selskapet. Det skjer etter at Havila tidlegare i veka varsla innløysing av aksjane dei ikkje kontrollerte.
Torsdag morgon meldte difor Oslo børs at aksjen var teke ut av handelen.
Verdsett til 5,2 mrd.
Ifølgje børsmeldinga var innløysinga gjeldande frå onsdag og aksjonærane får 52 kroner per aksje. Prisen er den same som Havila sitt dotterselskap, Havilafjord, handla aksjar for tidlegare i sommar.
Sluttkursen på Oslo Børs onsdag ettermiddag var på 51,80 kroner, som verdsett Fjord1 til nær 5,2 milliardar kroner.
Planen til Havila vidare er å selje halvparten av Fjord1-aksjane til sin amerikanske partnar, som har vore med å støtte oppkjøpet av reiarlaget.
Kystruten på børs fredag
Samtidig er det venta at eit anna Sævik-eig selskap, Havila Kystruten, går på børs. Dei har søkt om å bli notert på Euronext Growth og om alt går etter planen kjem dei i handel fredag med tickeren HKY.
Oppdatert: Ny dato for børsnotering
Havila Kystruten gjennomførde i juli ein emisjon som tilførde selskapet 500 millionar friske kroner. Sævik-familien eig 60,4 prosent av aksjane etter kapitalutvidinga.
Det verdset kystruteselskapet til 1,27 milliardar kroner.
Les også
Seglar truleg i slutten av september
Kapitalutvidinga skulle sikre nok pengar til å gjere klar og å sette i drift dei fire skipa som under bygging ved Tersan-verftet i Tyrkia.
Leveringa av skipa har vore forseinka, først fordi byggeverftet for to av skipa fekk økonomiske problem – deretter grunna koronapandemien.
Det første av skipa, Havila Capella, får truleg første avgang 26.september.
Havila Holding eig og 33,34 prosent i Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO.
Publisert: 29.07.2021 05:55
Sist oppdatert: 30.07.2021 12:11