Kort fortalt
Fjordhotell er Årets lærebedrift
Marius Rosbach
15.03.2023
Molde Fjordhotell er kåra til Årets lærebedrift 2022 av Møre og Romsdal fylkeskommune.
- Bedrifta arbeider svært godt med inkludering og tilrettelegging for eit godt arbeids- og læringsmiljø, heiter det i grunngjevinga for prisen.
Molde Fjordhotell, tidlegare Molde Fjordstuer, har sidan starten i 2002 jobba aktivt med opplæring av lærlingar, både på kjøkkenet, i restauranten og i resepsjonen.
Bedrifta er medlem av opplæringskontoret for hotell, restaurant- og matfag, og godkjent lærebedrift i kokkfaget, resepsjonsfaget og reiselivsfaget, skriv fylkeskommunen i meldinga.
Publisert: 15.03.2023 18:08
Sist oppdatert: 15.03.2023 18:11