Kort fortalt

Fjordkraft og Telia med mobilselskap

Etablerer Fjordkraft Mobil.

23.12.2022

NPK-NTB: Fjordkrafts 143.000 mobilkundar skal no bruke Telia mobilnettet sitt. I tillegg kjøper Telia seg inn i verksemda.

Det skal opprettast eit nytt mobilselskap ved namn Fjordkraft Mobil AS, der straumselskapet Fjordkraft eig 61 prosent og Telia 39 prosent, skriv selskapa i to ulike pressemeldingar.

Innan sommaren 2023 skal migreringa frå Telenors nett til Telias nett vere fullført.

Publisert: 23.12.2022 09:00

Sist oppdatert: 23.12.2022 09:01