Kort fortalt

Fleire avvik i fiskeritilsyn

30 fiskemottak undersøkt.

12.12.2022

(NPK-NTB): Rundt 30 fiskemottak i Nord-Noreg vart kontrollerte av Justervesenet, og fleire avvik vart funne. Avdelingsdirektøren meiner næringa har ein jobb å gjere.

Etter ein omfattande kontroll av nærare 30 fiskemottak innan kvitfisk, vart det funne fleire store feil, skriv Justervesenet i ei pressemelding.

Dei viktigaste feila som vart avdekte var vegefeil eller bruk av måleutstyr som ikkje er godkjent for bruk. Det vart avdekt 23 større manglar og 46 mindre manglar eller pålegg. Ifølgje Justervesenet er dette mange, men ei positiv utvikling.

– Når det er så mange avvik som dette kan det gå ut over tilliten til næringa. Her har vi ein jobb å gjere, seier Justervesenets avdelingsdirektør for tilsyn, Nils Magnar Thomassen.

Innan pelagisk sektor vart i alt åtte aktørar besøkte i løpet av tilsynet i nord. Av dei åtte aktørane var det berre éin aktør som ikkje hadde avvik på nokon vekter.

Kontrollen gjekk frå Øksfjord i vest til Vardø i aust. Justervesenets oppdrag er knytt til FNs berekraftsmål om havbruk. Eit av delmåla er at ein skal innføre tiltak for å regulere uttaket av fiskebestandane, få slutt på overfiske og ulovleg, urapportert og uregulert fiske.

(©NPK)

Publisert: 12.12.2022 17:56

Sist oppdatert: 12.12.2022 17:58

Mer om