Kort fortalt

Fleire bankar set opp bustadlånsrenta

22.08.2022

(NPK-NTB): Noregs største bank DNB set opp bustadlånsrenta med inntil 0,5 prosentpoeng etter at Noregs Bank auka styringsrenta førre veke. Det gjer også fleire andre.

– Etter Noregs Banks avgjerd om å auke styringsrenta med 0,5 prosentpoeng på rentemøtet 18. august har DNB valt å auke bustadlånsrenta med inntil 0,5 prosentpoeng, seier konserndirektør for personalmarknaden i DNB, Ingjerd Blekeli Spiten, i ei pressemelding.

Innskotsrenta blir også auka med inntil 0,5 prosentpoeng.

Sparebanken Møre og Sparebank 1 SMN var mellom bankane som varsla tilsvarande auke før helga

Fleire bankar
Etter følgjer også KLP, Sparebank 1 Austlandet og Fana Sparebank, som alle tre hevar utlåns- og innskotsrenta med inntil 0,5 prosentpoeng.

– Folk må vere førebudde på at den økonomiske kvardagen blir strammare, seier direktør for personmarknaden i KLP, Jorunn Ytre Storjohann, i ei pressemelding.

Det var Nordea som først varsla at dei hevar bustadlånsrenta. Allereie fredag varsla banken at rentene på bustadlån og innskot blir auka med inntil 0,5 prosentpoeng, berre éin dag etter renteavgjerda i Noregs Bank.

– Bakgrunnen for hevinga er Noregs Banks avgjerd om å auke styringsrenta, og at pengemarknadsrenta har halde fram med å stige gjennom sommaren, sa leiar for personmarknaden i Nordea, Randi Marjamaa, den gong.

Dobbel renteauke
Noregs Bank gjennomførte ein dobbel renteauke torsdag då dei sette opp styringsrenta med 0,5 prosentpoeng til 1,75 prosent.

Sentralbanksjef Ida Wolden Bache har allereie no varsla at styringsrenta skal raskare opp enn signalisert i juni, og at utsiktene og risikobiletet tilseier at renta skal vidare opp i september.

Noregs Bank skal setje styringsrenta med mål om å halde inflasjonen på 2 prosent over tid. Dei siste tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at konsumprisindeksen var 6,8 prosent høgare i juli enn eitt år tidlegare.

Kjerneinflasjonen steig med 4,5 prosent frå juli i fjor til juli i år, den høgaste underliggjande prisveksten som nokon gong er registrert.

Publisert: 22.08.2022 17:09

Sist oppdatert: 22.08.2022 17:12

Mer om