Fleire bankar set opp renta
Følgjer auken til sentralbanken.
(NPK-NTB): DNB, Sparebanken Sør, Sparebanken Vest og fleire bankar i Sparebank 1-alliansen set opp rentene på bustadlån med inntil 0,25 prosentpoeng.
Det skjer etter at Noregs Bank førre veke heva styringsrenta med 0,25 prosentpoeng til 4 prosent.
DNB var første storbank som melde at dei aukar renta på bustadlån.
– Med bakgrunn i Noregs Banks avgjerd om å heve styringsrenta med 0,25 prosentpoeng på rentemøtet 17. august, har DNB vedteke å auke renta på bustadlån og innskot med inntil 0,25 prosentpoeng, seier Ingjerd Blekeli Spiten, leiar for personmarknad i DNB i ei børsmelding.
Dei nye rentesatsane gjeld frå 22. august for nye bustadlån og innskot og frå 22. oktober for eksisterande, opplyser DNB.
Måndag har også Sparebanken Sør, Sparebanken Vest, Sparebank 1 SR-Bank, Sparebank 1 Søraust-Noreg og Sparebank 1 SMN sett opp rentene på bustadlån og innskot, skriv Finansavisen.
Lånerentene hos alle bankane aukar med inntil 0,25 prosentpoeng, bortsett frå Sparebank 1 SMN, som berre varslar renteheving. Innskotsrentene aukar tilsvarande for alle bankane som opplyser om det, utanom Sparebanken Sør, som aukar innskotsrenta med inntil 0,30 prosentpoeng.
Då Noregs Bank torsdag sette opp styringsrenta, var dette den tolvte renteauken sidan det historiske nullnivået i 2021 – og det er venta ei ny renteheving i september.
Går det som sentralbanken anslår, kan rentetoppen vere i sikte. Prognosane i Pengepolitisk rapport i juni tilseier ein rentetopp på 4,25 prosent i september.
Publisert: 21.08.2023 17:22
Sist oppdatert: 21.08.2023 17:22