Kort fortalt

Fleire bedrifter blir tvangsavvikla

Forskyving frå tidlegare.

07.10.2021

(NPK-NTB): Det har vore ei auke i bedrifter som blir tvangsavvikla i år. Talet på avviklingar auka med 312,9 prosent i september. I august auka talet på bedrifter som vart avskilta med heile 423 prosent.

Det viser tal rekneskaps- og analyseselskapet Dun & Bradstreet har samla inn frå Brønnøysundregistera, skriv Dagens Næringsliv.

Årsaka til den store auken i august og september, er at fristen for innsending av rekneskapen i år vart utsett frå april til juni på grunn av koronakrisa.

– Det vil seie at det er ei forskyving samanlikna med tidlegare år. Innsendinga i år gjeld 2019-rekneskapen, seier kommunikasjonsrådgivar Guro Forren Sørensen i Brønnøysundregistera.

Totalt gjekk 672 bedrifter konkurs i september. 351 av dei vart tvangsavvikla, mot 85 i tilsvarande månad i fjor.

– Når ei bedrift blir tvangsavvikla, kjem det som regel av at årsrekneskapen ikkje er levert inn til Brønnøysundregistera, seier kredittøkonom Per Einar Ruud i Dun & Bradstreet.

Samtidig heldt talet på konkursar fram å falle. Samla har 3751 bedrifter gått konkurs hittil i år, ein nedgang på 10 prosent frå same tid i 2020.

Ruud i Dun & Bradstreet fryktar at konkursane skal auke. Styresmaktene har nemleg utsett innkrevjing av skattar og avgifter på totalt rundt fem milliardar kroner. Desse må no betalast frå 31. oktober og 12 månader fram.

(©NPK)

Publisert: 07.10.2021 09:39

Sist oppdatert: 07.10.2021 09:45

Mer om