- Fleire bør spare
Det meiner fleire økonomar.
Tal frå SSB viser at berre 7,4 prosent av hushalda har bunde renta for gjelda si. Økonomar meiner fleire bør spare for å handtere renteauke.
SSB-tal viser at delen som har fastrente på lån med pant i bustad, berre har auka med 0,2 prosent den siste tida, trass i låg rente.
P4 melder at Finanstilsynet i det siste finansielle utsynet for juni 2021 skriv: «Kun en svært liten andel av husholdningenes gjeld har fast rente. Økt rentenivå vil derfor raskt slå ut i økte renteutgifter.»
– Folk bør byrje å spare pengar så dei klarer å betale huslånet når renta stig. Viss renta stig to–tre prosent, så er det mange som vil slite med å betale på låna sine, og det er ikkje bra for norsk økonomi, seier professor Ola Grytten ved Noregs handelshøgskole til P4.
Forbrukarøkonom Magne Gundersen i Sparebank1 meiner det kan vere nyttig for enkelte binde renta, men ikkje for alle.
Publisert: 17.06.2021 09:24
Sist oppdatert: 17.06.2021 10:40