Kort fortalt

Fleire cruiseanløp i 2022 enn 2019

Sjekk oppdatert oversikt.

NPK
19.05.2022

(NPK): Det blir ein rekordsesong for Noreg som cruisedestinasjon i år. Koronarestriksjonar og krigen i Ukraina påverkar mengda cruiseanløp til Noreg.

Fleire cruisereiarlag har avlyst turar i Austersjøen som følgje av tryggleikssituasjonen rundt krigen i Ukraina. I staden ønskjer fleire av dei å sende skipa til Noreg, Sverige og Danmark , skriv Kystverket.no.

Tal frå Cruise Norway anslår at det vil kome rundt 4 millionar cruisepassasjerar til Noreg i 2022, mot 3,745 millionar i 2019, førre normalår utan korona.

Fleire cruisehamner i Noreg har derimot liten eller ingen kapasitet til å ta i mot fleire cruiseskip, ifølgje Kystverket. Løysinga blir å sende cruiseskipa til hamner som tidlegare ikkje har vore cruise-destinasjonar. Stavanger og Kristiansand har tilvist ønske om anløp til nærliggjande hamner for å unngå for høgt besøkstrykk.

Nasjonalt innmelde cruiseanløp med los:

  • 2019: 2281 anløp totalt
  • 2020: 173 anløp totalt
  • 2022: 3422 anløp totalt

(©NPK)

Publisert: 19.05.2022 15:58

Sist oppdatert: 19.05.2022 16:00

Mer om