Cruise Geiranger Nordfjordeid montasje foto Ogne Wikimedia Commons
NED OG OPP: Cruisetrafikken i Geiranger (til venstre) går ned i år samanlikna med før korona. I Nordfjord (til høgre) og ellers på Nordvestlandet er det omvendt. Foto: Wikimedia Commons/Ogne Øyehaug
Nytt

Mot ny cruiserekord, med eitt unntak

Koronapandemien ser ikkje ut til å ha gjort varig skade på cruiseturismen. Alle hamner - med unntak av Geiranger - ventar ny rekord.

23.01.2022

ANALYSE

Hamneselskapa ligg - med eitt unntak - an til å passere 2019-besøket med god margin. Unntaket er Geiranger, der det er meldt inn 154 cruiseskipsbesøk i år, 56 færre enn i 2019.

Hamnesjef Rita Berstad Maraak i Stranda Hamnevesen er ikkje i tvil om kva som er årsaka, skjerpa krav til utslepp av nitrogenoksid (NOx) frå skipsmotorane. Reglane gjeld verdsarvområda Geirangerfjorden og Nærøyfjorden. Dei blei stramma inn frå årsskiftet, og utelukkar skip som ikkje innfrir utsleppkrava.

Null anløp
Frå starten av 2025 blir krava stramma ytterlegare eit hakk, og frå 2026 skal all skipstrafikk på Geirangerfjorden vere utsleppsfri. Det vil stenge ute skip som brukar diesel. Skip må segle utsleppsfritt frå Stranda og innover til Geiranger, med unntak av eit lite område ved Hellesylt. Skip som oppfyller krava er det per i dag forsiktig sagt få av.

- Det betyr i praksis null anløp i vårt område, seier Maraak.

Forsøk på å få utsett fristen for når nullutsleppskravet skal ta til å gjelde har ikkje ført fram, sjølv om også Sjøfartsdirektoratet tilrådde at fristen skulle utsettast til 2030.

Maraak seier Stranda Hamnevesen erkjenner at fristen ikkje blir flytta på. No er merksemda retta mot å bli verdas beste utsleppsfrie destinasjon, men Maraak skulle ønskje krava skulle bli landsdekkande.

Verdsarvstatus gir særkrav
Det er Geiranger sin status som verdsarvområde som gjer at Geirangerfjorden får særkrav, som også Nærøyfjord-området i Sogn får. Resten av kysten er ikkje omfatta av desse krava, og Maraak meiner ein konsekvens mellom anna blir meir transport over land til og frå Geiranger.

Etter koronakrisa vil nok årets cruisesesong i Geiranger kjennest som ein kraftig opptur for bedriftene som har basert seg på cruisetrafikken der. Men får Maraak rett i si vurdering, står turistnæringa i Geiranger føre ei stor endring der den må finne ut korleis inntektene frå cruiseskipa som besøker fjorden skal erstattast.

Over 200 cruiseskipsanløp, slik som i 2019, betyr at mange folk går i land - og brukar pengar.

Ny rekord og utvida sesong
Med nedgang i Geiranger og eigen vekst er Ålesund det klart største cruiseskipsmålet på Nordvestlandet (sjå tabell)

Med 238 cruiseskipsanløp i år følgjer det med over ein halv million besøkande, etter Ålesundregionens Havnevesen sine berekningar. Det er over 170.000 fleire enn i 2019.

Heldigvis eller dessverre - alt etter korleis du ser på cruisebransjen og cruiseturistar - kjem cruiseskipa i år meir spreidd ut over året enn tidlegare.

39 skip har meldt at dei vil kome i perioden januar-april og 45 i perioden september - desember.

Det er eit gjennombrot for ein langvarig innsats for å fordele cruisetrafikken ut over heile året og betyr mellom anna at trykket frå cruiseturismen i Ålesund i den travlaste sommarsesongen blir mindre enn i 2019, sjølv om det blir sett ny årsrekord.

På Nordfjordeid, det kommunen braut ut av hamnesamarbeidet med resten av Nordfjord-regionen og etablerte si eiga cruisekai i 2019, kjem det første skipet i mars i år.

Nordfjord Havn har ikkje svart på NETT NO sin forespørsel om tal for venta besøk i år og faktisk besøk tilbake til 2019 - det siste året før korona. Tabellen i slutten av artikkelen blir oppdatert dersom Nordfjord Havn svarar. Det er ingen grunn til å tru at Nordfjord Havn skil seg frå resten av Nordvestlandet. Nordfjord Havn kan ta i mot cruiseskip i Olden og Måløy, og ventar i år fleire cruiseskipsanløp også til Måløy, som tidlegare ikkje har vore ein plass cruiseskipa la til.

Cruisebesøk på Nordvestlandet

I antal skip
2022 2021 2020 2019
Ålesund 238 40 5 189
Geiranger 154 20 0 210
Nordfjordeid 53 0 0 19
Molde 82 15 0 37
Åndalsnes 51 1 2 48
Eresfjord 1 0 0 4
Olden*
Måløy*
SUM 579 76 7 507


Publisert: 23.01.2022 06:00

Sist oppdatert: 24.01.2022 07:56

Mer om