NPK: Nordmenn gjorde om lag 4 millionar fleire reiser i fjor enn året før. Til saman blei det gjennomført 27 millionar yrkes- og feriereiser med overnatting. Fleire innanlandsreiser bidrog til ein auke i talet på reiser.
Av over 22 millionar feriereiser i 2018, var nær 16 millionar av dei reiser i Noreg. Det viser nye tal frå Reiseundersøkinga til Statistisk sentralbyrå (SSB).
Det gav ein kraftig vekst i innanlands feriereiser frå tidlegare år, opplyser SSB, som peikar på den fine sommaren i fjor som ei mogleg årsak. Dei ti siste åra blei det til samanlikning gjennomført 10–11 millionar innanlandske feriereiser kvart år.
Undersøkinga viser at Sverige og Spania framleis er dei mest populære ferielanda for nordmenn på utanlandstur. I fjor gjekk 1,1 millionar av feriereisene frå Noreg til Sverige og Spania. På tredjeplass kom Danmark, fortel SSB.

Publisert: 08.03.2019 12:38
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35