Kort fortalt

Fleire flyttar inn i hytta

Får dermed straumstøtte.

NPK
05.08.2022

Fleire hytteeigarar har dei siste månadene valt å busetje seg permanent på hytta. Det gjer at dei kan få straumstøtte i fritidsbustaden sin.

– Vi får stadig meldingar om at hytteeigarar, som bruker fritidsbustadene sin mykje gjennom heile året, no har flytta på hytta på grunn av høge straumprisar, seier generalsekretær Audun Bringsvor i Norsk Hyttelag til Nationen.

Han viser til at bakgrunnen for dette er ei ordning som opnar for at hushald som har fått dispensasjon frå kommunen til å bu i fritidsbustaden permanent, vil ha rett til straumstøtte.

Hytter kan ikkje utan vidare bli godkjende som permanent bustad. Dei må tilfredsstill ei rekkje byggjetekniske krav for å bli godkjende som heilårsbustad.

– Vi får også meldingar om at ein del hytteeigarar som har søkt om å få flytte til ein hyttekommune får nei, seier Bringsvor.

Publisert: 05.08.2022 09:25

Sist oppdatert: 05.08.2022 09:26

Mer om