NPK: Fleire båtar får fiske etter makrellstørje etter at kvoten har blitt større. Det blir også mogleg å fange, merke og sleppe ut igjen for sportsfiskarar.
Nærings- og fiskeridepartementet opnar for at åtte båtar kan fiske makrellstørje i 2019, der kvoten er 239 tonn. Kvoten for makrellstørje blir auka til 300 tonn i 2020 etter at bestanden har tatt seg godt opp dei siste åra.
– Det gir god verdiskaping og er veldig gode nyheiter for eit fiske som historisk har vore stort i Norge, seier Fiskeriminister Harald T. Nesvik i ei pressemelding.
Departementet har også vedtatt at det er lov å fiske makrellstørje som bifangst i fisket etter andre artar.
Makrellstørje er den største tunfiskarten. Ho kan vege over 700 kilo, bli tre meter lang og halde ein toppfart på 70 kilometer i timen. Den blir rekna som den dyraste fisken i verda. Dei finaste delane kan koste opp mot 1300 kroner kiloen, og fisken er særleg ettertrakta i Asia.
Den norske kvoten kan ved rett handtering av råstoffet ha ein potensiell førstehandsverdi på opp mot 80 millionar kroner, melder departementet.

Publisert: 07.03.2019 10:20
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35